Heilag - Olav
heldt sabbat
 

 I komplottet mot heilag-Olav allierte katolikkane seg med norske hovdingar og fekk narra dei til å drepa kongen sin, han som stod i vegen for katolsk innflytelse.


 
Landa i Nord-Europa, britiske øyar og Norden var kristne då den katolske religion byrja spreida seg frå Rom. I alle desse områda var den irsk-skottske keltiske kristentru rådande.

Den keltiske kyrkja heldt sabbat, og dei 10 bod heitte Jesu Kristi lov. Sabbatsbodet, det 4. bod, er Gud den allmektige sitt segl, og eit folks synlege teikn på at det lyder Hans lov; dei held sabbaten heilag (2.Mos.20) slik Jesus gjorde.

Katolikkane derimot høgtidar sundag, soldagen, til ære for deira gud, solguden Baal. Slik viser nasjonane gjennom handling kva gud dei trur på, kven sin dag dei høgtidar.

Då Hårfagreætta utdøydde, tok katolikkane makta, og Noreg seig inn i 400-årsnatta, den elendigaste bolken i historia. Da vart vi styrde av den katolske kyrkja. Sjølv om det var dansken som utførte administrasjonen av oss, var vi underkasta det heilage romersk-katolske imperium. Dette har vorte kamuflert som "dansketida". Men danskekongane vart styrde frå Rom.

Det kom snart forbod mot Laurdagshelg, noko katolikkane kalla ein "judaistisk skikk", og den gammel- norske Bibelen vart forboden. Dansk vart administrasjonsspråk. Norsk språk vart neglisjert og gløymt.

I referata frå dei katolske kyrkjemøta er sak nr. 1 på sakslista gong etter gong fordøming av laurdagen og gjentatte vedtak som forbaud han. Men nordmennene nekta å gje opp sabbaten og vart difor umulege å "kristna". Den heilage paven kom med trugsmål om hemn over dei som ikkje slutta med laurdagshelg og gjekk over til sundagen. (History of King Christian the 3. Krag og Stefanius)

I 1435 og 1436 vart det halde minst tre kyrkjemøte i Oslo og Bergen der Laurdagen vart forbode på det sterkaste. Den som vart teken i slikt, skulle straffast med 10 mark i bot. (The History of the Norwegian Church under Catholisism. R. Keyser)

Den gamle keltiske kyrkja kalla paven for Baal. I komplottet mot heilag-Olav på Stikkelstad 31. august 1030, allierte katolikkane seg med norske hovdingar og fekk narra dei til å drepa kongen sin, han som stod i vegen for katolsk innflytelse.

Når ein ikkje fattar skilnaden på katolisisme og kristendom, skjønar ein heller ikkje den sokalla "kristninga" av Noreg. Eller kvifor katolikkane fjerna vår gamle historie da dei hadde makta her i landet.

Kristen-Noreg er lurt trill rundt når dei trur at vi feirar 1000-årsjubileum for innføringa av kristendomen. Dette er 1000-årsmarkeringa for katolisismens inntog i Noreg, og det er noko heilt anna. Dette er det bevisstlause nordmenn skal applaudere over heile landet 1995, sin eigen undertrykkar, pavemakta, som reiv ned det kristne norske kongerike og gjorde oss til ein nasjon analfabetar.

Adam von Bremens og katolikkane si tilfusking av norsk historie er grundig avslørt av dr. teol. Marta Steinsvik.

Men det står billass med vår historie vekkstabla i Riksarkivet, og sannsynlegvis ein heil del i Vatikanets underjordiske bibliotek. Skulle ikkje våre vitskapsmenn kunne leita fram historia fra dei fyrste 1000 år? Og lenger attende, til dei 10 Israels ættene, våre forfedrar, som rømde til Norden og dei britiske øyar? Dei fekk ikkje halde lova under soldyrkarane i Assyria. (Halda lova = halde sabbaten.) Laurdagshelga og det 4. bod i Bibelen er provet på at Noreg vart eit kristent land da pavens menn kom. Lordagen, Lorid's dag, the Lords day, Herrens dag.

Vil du vite meir om det katolske system (Lovløshetens hemmelighet) og korleis den katolske kyrkja ned kjempa den norske keltiske, tilrår eg Marta Steinsvik: "Hellig Olav og den norske statskirke", og "I moder kirkens favn", og Charles Chiniquy: "Katolisismen avslørt, 50 år i Romer kirken". ('Bergmann Forlag, tlf. 70066269, 6151 Ørstad).

Dette burde vera obligatorisk lesnad for prestar, professorar, biskopar, og politikarar.
 



opptopp